Utskriftsvennlig versjon

Depot - Stord kommune, Rådhuset

arkivdepot

Kommunen er etter § 5-1 i arkivforskrifta forplikta til å opprette eige arkivdepot eller delta i eit interkommunalt depotsamarbeid.

Stord kommune har eige depot  for avslutta arkivmateriale, med unntak at personregister.

Arkivdepotet har følgjande oppgåver:

  • å ta i mot overføringar av eldre og avslutta arkiv
  • å gi arkiva trygg oppbevaring
  • å føre fortløpande register over mottekne arkiv
  • å utarbeide katalogar over arkiva
  • å syte for at kommunale einingar kan låne tilbake eller få kopi av arkivsaker dei har avlevert
  • gje publikum innsyn i arkiva i samsvar med gjeldande regelverk for innsyn i offentlege arkiv
  • utarbeide spesielle formidlingstiltak retta mot lokalsamfunnet

Arkivleiar er depotansvarleg. Depotansvarleg har rett og plikt til:

  1. å rapportere til rådmannen om verksemda til arkivdepotet og leggja fram framlegg om tiltak som skal heve kvaliteten på arbeidet.
  2. å utarbeide verksemdsplanar for arkivdepotet.
  3. å gi nødvendig rettleiing til dei arkivskapande einingane som skal avlevere til depotet.
  4. å føre kontinuerleg kontroll med klima og andre oppbevaringsforhold i arkivlokala.
  5. å gi rettleiing til publikum og ekspedere førespurnader om innsyn i arkiv.
Laster...